Lærlingeordninga

Bedrifter som ønskjer å ta inn lærlingar og lærekandidatar, må søkje om godkjenning som lærebedrift og få godkjent den enkelte kontrakten før tilskot kan gjevast.


Fylkeskommunane har ansvaret for tilskotsordningane for bedrifter som teiknar lærekontraktar og opplæringskontraktar. I ein lærekontrakt eller opplæringskontrakt forpliktar bedrifta seg til å gje lærlingen eller lærekandidaten nødvendig opplæring fram til fag-/sveineprøven eller ein kompetanseprøve.

Med lærling meiner ein ein som har inngått lærekontrakt med sikte på fagprøve eller sveineprøve. Med lærekandidat meiner ein ein som har inngått opplæringskontrakt med sikte på ein mindre omfattande prøve enn fag- eller sveineprøve.

Basistilskot 1:
Lærlingar og lærekandidatar som teiknar lærekontrakt eller opplæringskontrakt etter opplæringslova og forskrift til opplæringslova, utløyser vanlegvis eit tilskot kalla basistilskot 1.

Basistilskot 2:
Lærekontraktar teikna med lærlingar som har fylt 21 år og som inngår lærekontrakt med full opplæring i bedrift, og lærekontraktar teikna av lærlingar som tidlegare har fått oppfylt retten sin til vidaregåande opplæring, utløyser eit tilskot kalla basistilskot 2.

Ekstra tilskot:
Lærekontrakt/opplæringskontrakt i små handverksfag som det av nasjonale grunnar er viktig å bevare, utløyser eit ekstratilskot i tillegg til basistilskot 1. Utdanningsdirektoratet avgjer kva for fag som vert rekna som små og verneverdige.

Lærebedrifter som har inngått lærekontrakt med lærlingar med spesielle behov eller opplæringskontrakt med lærekandidatar med spesielle behov, kan søkje om ekstra tilskot.

Opplæringslova om godkjenning av lærebedrift

Utdanningsdirektoratet om satser for tilskudd

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema