Miljøtilskot i jordbruket

Jordbruksføretak kan ta imot tilskot for å vareta miljøomsyn. Enkelte miljøtilskot er felles for heile landet, og inngår i søknad om produksjonstilskot.


Jordbruksføretak som har husdyr og leverer husdyrgjødsel til biogassanlegg kan få tilskot. Tiltaket skal bidra til å dempe utslepp av metan som oppstår frå lagring av husdyrgjødsel og samstundes gjere nytte av gassen. Desse miljøtilskota kan ein søkje på gjennom Altinn.

Regionale miljøtilskot
Det er fylkesvise tilskotsordningar for miljøtiltak i landbruket gjennom Regionalt Miljøprogram (RMP).

Alle jordbruksføretak kan søkje om tilskot for å gjere miljøtiltak på eigen gard eller leigejord.

Regionale miljøtilskot rettar seg mot meir spesifikke utfordringar, som kan variere frå fylke til fylke. Kvart fylke har eit eige miljøprogram med eit utval miljøtiltak du kan få tilskot for å utføre. Tiltaka vert bestemde ut i frå kva Statsforvalteren ser på som dei største miljøutfordringane i fylket sitt.

Tilskota vert utbetalte i ettertid, etter søknad, dersom du har gjort slik som føresett i regelverket. Desse miljøtilskota (og produksjonstilskota) kan du søkje om via Altinn.

I tillegg til fylkesvise miljøtilskot finst fleire andre tilskotsordningar.

Spesielle miljøtiltak (SMIL)
Føremålet er å ta vare på natur- og kulturminneverdiane, og redusere forureininga frå jordbruket utover det som vert forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig mål med ordninga er å få ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar. Kommunen utarbeider overordna retningslinjer for prioritering av søknadene, og behandlar og avgjer søknadene.

Tilskot om drenering
Føretak som eig eller leiger jordbruksareal som tidlegare er grøfta, kan søkje om tilskot til drenering. Det kan også gjevast tilskot til eigarar av jordbruksareal som vert leigde ut. For planerte areal kan det i tillegg gjevast tilskot til areal som ikkje tidlegare er grøfta. Kommunen behandlar og avgjer søknadene.

Tilskot til tiltak i beiteområde
Føremålet med tilskotet er å leggje til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremje fellestiltak i beiteområda. Det kan søkjast tilskot til planleggings- og tilretteleggingstiltak og tilskot til investeringar knytte til utmarksbeita. Søknaden sender ein til kommunen. Statsforvalteren behandlar og avgjer søknaden.

Landbruksdirektoratet om regionale miljøtilskot

Landbruksdirektoratet om spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Tilskot til drenering

Landbruksdirektoratet om tilskudd til tiltak i beiteområder

Åpne kontaktskjema