SkatteFUNN – skattefrådragsordning

SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning.


Alle norske bedrifter som har forskings- og/eller utviklingsprosjekt (FoU-prosjekt), kan søkje SkatteFUNN om godkjenning, slik at bedrifta kan bruke retten sin til skattefrådrag for prosjektkostnader.

Alle næringar og selskapsformer kan søkje om SkatteFUNN-godkjenning for FoU-prosjektet sitt, og det er bedrifta sjølv som vel tema for prosjektet. Det er eit krav at bedrifta er skattepliktig til Noreg. Det er derimot ikkje eit krav at bedrifta er i skatteposisjon. Bedrifter som ikkje betalar skatt, får støtta utbetalt frå Skatteetaten gjennom skatteoppgjeret.

Gjennom SkatteFUNN kan små og mellomstore bedrifter (SMB) få 20 prosent av prosjektkostnadene som skattefrådrag gjennom skatteoppgjeret. Store bedrifter kan få 18 prosent frådrag av prosjektkostnadene.

Søk tidleg på året, og seinast 1. september. Dette gjev garanti for at søknaden vert ferdigbehandla innanfor søknadsåret.  Prosjektkostnader frå dette året kan då nyttast i frådragsgrunnlaget (ved godkjend søknad). Søknader som kjem inn etter 1. september, har ingen garanti for at dei vert ferdigbehandla i innsendingsåret, og bedrifta risikerer derfor å miste retten til frådrag for prosjektkostnader for dette året.

SkatteFUNN vert administrert av Noregs forskingsråd, i samarbeid med Skatteetaten.

Forskningsrådet om SkatteFUNN

Innovasjon Norge om SkatteFUNN

Fradrag i skatt for forskning og utvikling (RF-1053)

Skattelova om skattefrådrag til forsking og utvikling

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema