Hovedinnhold
Skriv ut

Fleire nye føretak

I 3. kvartal 2016 vart det registrert 15 123 nye føretak. Dette er 4 prosent fleire enn i same kvartal i 2015.

Av dei nye føretaka i 3. kvartal 2016 var det 59 prosent einskildpersonføretak og 38 prosent aksjeselskap. Samanlikna med same periode året før, auka talet på nye aksjeselskap med 11 prosent og talet på einskildpersonføretak auka med 0,4 prosent.


Det vart registrert flest nye føretak innanfor næringane fagleg, vitskapleg og teknisk tenesteyting (14 prosent), byggje- og anleggsverksemd (13 prosent) og varehandel (10 prosent).


Flest nye føretak vart registrert i Oslo og Akershus i 3. kvartal 2016. Totalt vart det registrert 3 255 nye føretak i Oslo og 1 820 føretak i Akershus. I forhold til 3.kvartal 2015 var talet på nye føretak uendra i Oslo, medan det gjekk opp med 6 prosent i Akershus.


Tala omfattar alle nye føretak utanom primærnæringane og offentleg forvaltning.

Sjå statistikk hos Statistisk Sentralbyrå.

Del på:

Publisert 15.11.2016