Hovedinnhold
Skriv ut

Noreg klatrar på innovasjonskåring

For første gong blir Noreg rekna som ein sterk innovatør. Trøndelag, Oslo og Akershus peker seg ut i ny EU-måling.

- Eg er glad for at Noreg gjer det betre på denne målinga. Forsking og innovasjon kan få fram nye idear og løysingar. Det er viktig for å skape og sikre arbeidsplassar, og legg grunnlaget for at vi kan leve gode liv, seier næringsminister Monica Mæland.

Europakommisjonen rangerer kvart år dei europeiske landa etter kor innovative dei er. I European Innovation Scoreboard for 2017 går Noreg frå ein 16. plass til ein 12. plass. For første gong er vi rekna som ein sterk innovatør, saman med land som Belgia, Frankrike og Østerrike.

- EU seier at Noreg har gode rammevilkår for innovasjon. Vi har ein kompetent arbeidsstyrke og eit godt system for forsking. I år løyver vi over 3 milliardar kroner meir til næringsretta forsking og innovasjon enn i 2013, seier Mæland.

Sveits, Sverige, Danmark og Finland går heilt til topps i målinga. 

Sjå heile meldinga her.

Del på:

Publisert 21.06.2017