Hovedinnhold
Skriv ut

Noreg skal bli best på reiseliv

Noreg har moglegheit til å bli verdas beste reisemål. Den 17. mars la regjeringa fram ein plan for korleis ho skal trygge og skape fleire arbeidsplassar i reiselivet.

– Fjoråret vart nok eit rekordår for reiselivsnæringa i Noreg, med stadig fleire besøkande og vekst i verdiskapinga. Få, om nokon, annan næring kan vise til tilsvarande utvikling i etterspørselen. Det gjer reiselivsnæringa til ein viktig bidragsytar når det gjeld å sikre og skape verdiar og nye arbeidsplassar for framtida, seier næringsminister Monica Mæland (H).  

Fredag la regjeringa fram ei melding til Stortinget om norsk reiselivsnæring. Meldinga skildrar utviklinga i reiselivet og presenterer regjeringa sin politikk for å legge til rette for eit berekraftig og lønsamt reiseliv.

Sjå heile pressemeldinga på nettsidane til Nærings og fiskeridepartementet.

Sjå også Stortingsmelding nr 19 (2016-2017) - Opplev Norge - unikt og eventyrlig.

Del på:

Publisert 20.03.2017