Hovedinnhold
Skriv ut

Nye og enklare reglar for anskaffingar

- Dårlege offentlege innkjøp kostar både staten og næringslivet dyrt. Nå innfører vi enklare og betre reglar, seier næringsminister Monica Mæland.

Nytt regelverk om offentlege anskaffingar er i støypeskeia.Kongen i statsråd har i dag vedtatt endringar i dei nasjonale reglane for anskaffingar.

- Det offentlege kjøper inn for rundt 400 milliardar kroner årleg. Vi ønsker at så mange som mogleg forstår og kan delta i konkurransar om offentlege kontraktar, seier næringsminister Monica Mæland. 

Dei viktigaste forenklingane er:

  • Anskaffingar under 100 000 kroner blir unntatt frå anskaffingsregelverket.
  • Reglane om lukking og merking av tilbod blir oppheva.
  • Plikta til å krevje HMS-erklæring blir oppheva.
  • Grensa for å krevje skatteattest aukar frå 100 000 kroner til 500 000 kroner.

Dei særnorske reglane gjeld offentlege kontraktar under 1,55 millionar kroner for varer og tenester (1 million kroner for statlege myndigheiter og 39 millionar kroner for bygge- og anleggskontraktar).

Endringane trer i kraft 1. juli 2015.

Les heile meldinga her.

Kjelde: Pressemelding frå Nærings- og fiskeridepartementet.

Del på:

Publisert 12.06.2015