Hovedinnhold
Skriv ut

Skatteinsentiver for gründerar i revidert

For å fremje utvikling av nye bedrifter foreslår regjeringa i revidert nasjonalbudsjett for 2017 ei skatteinsentivordning for langsiktige investeringar i oppstartsselskap.

– Vi treng fleire gründerar i Noreg, og denne ordninga vil gjere det meir lønnsamt å investere i nye bedrifter og arbeidsplassar, seier finansminister Siv Jensen (Frp).

Ordninga inneber at personlege skattytarar som investerer direkte eller indirekte i bestemte type selskap og på visse vilkår, får rett til frådrag i alminneleg inntekt for opptil 500 000 kroner i årlege investeringar. Investor må behalde aksjane i minst tre år for å få rett til frådraget. Ordninga gjelder berre investeringar i aksjeselskap, og vil gjelde frå og med 1. juli 2017.

Regjeringa vil i budsjettet for 2018 fremje forslag til endringar i skattlegginga av opsjonar for små oppstartsselskap.

Meir informasjon i meldinga frå Finansdepartementet.

Del på:

Publisert 11.05.2017