Hovedinnhold
Skriv ut

Svak oppgang i talet på ledige stillingar

Talet på ledige stillingar auka med 3,6 prosent frå 4. kvartal 2015 til 4. kvartal 2016. For første gang sidan 2012 ser vi ein oppgang innan olje- og gassnæringa, riktig nok frå eit særs lågt nivå.

I 4. kvartal 2016 var det 49 000 ledige stillingar. Det er 1 700 fleire enn for same kvartal året før. Prosentdelen ledige stillingar var på 1,7 prosent, mot 1,6 prosent førre året.

For bergverksdrift og utvinning, som er dominert av olje- og gassverksemd, var det ein kraftig auke frå året før. I denne næringa var det 600 ledige stillingar i 4. kvartal 2016, mot 200 same kvartal i 2015. Samanlikna med 4. kvartal for årene 2010-2013 var talet for 2015 særs lågt. Til dømes var talet på ledige stillingar på heile 2 200 i 4. kvartal 2011.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå

Del på:

Publisert 16.02.2017