Hovedinnhold
Skriv ut

Søk om produksjonstilskot innan 15. mai

Foto: Landbruksdirektoratet
Foto: Landbruksdirektoratet

Du kan no søkje om produksjonstilskot i jordbruket. Teljedato er 1. mai. Det er føretak som driv med husdyrproduksjon som kan søkje om tilskot i mai. Om du berre har bikubar, eller berre driv med planteproduksjon, skal du ikkje søkje før i oktober.

Søknadsfristen er 15. mai 2017. I søknaden fører du opp talet dyr du disponerer per 1. mai (teljedato). Det er kommunen som handsamar alle søknadar og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot.

Søknaden må leverast elektronisk

Søknaden må leverast elektronisk. For å søkje elektronisk, må du ha tilgang til å logge deg inn via Altinn. Sjå rettleiing til korleis ein loggar seg inn i Altinn.

Som hovudregel kan du ikkje levere søknad etter at søknadsfristen har gått ut

Søknadsfristen er 15. mai. Du kan ikkje lenger levere søknad seint og få eit trekk. Ettersom dette er ein ny regel, så vil det vere mogleg å levere søknad fram til 29. mai i 2017. Merk at dette berre vil vere mogleg i 2017. Etter 29. mai er det ikkje mogleg å sende inn søknad.

Frå og med 2018 har du ikkje moglegheit til å levere inn søknad etter at søknadsfristen har gått ut. Du kan søkje om dispensasjon frå søknadsfristen, men dispensasjon blir berre gjeve i særlege tilfelle.

Du kan endre opplysningane i ein innsend søknad i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut

Dersom du har levert søknaden innan fristen, har du moglegheit til å endre opplysningane i søknaden i 14 dagar etter at søknadsfristen har gått ut, utan å få trekk. I 2017 er søknadsfristen 15. mai, og du kan difor endre søknadsopplysningane fram til 29. mai.

Finn informasjon om regelverk og tilskotsordningane i rettleiaren og i rundskriv

Søkjer du om produksjonstilskot, må du kjenne føresegnene i jordbruksavtalen og i forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket. Fleire informasjonskjelder kan vere nyttige for deg som søkjer:

Det er kommunen som handsamar alle søknader og som svarar på spørsmål om produksjonstilskot.

 

Neste søknadsfrist er 15. oktober

Neste gong du kan søkje om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid er i oktober. Søknadsskjemaet opnar 1. oktober, og søknadsfristen er 15. oktober. I oktober søkjer du om dei same tilskotsordningane som du søkjer om no i mai. I tillegg kan du søkje om

  • tilskot til avløysing ved ferie og fritid for 2017
  • tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar
  • distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker, samt matpotet i Nord-Norge
  • areal- og kulturlandskapstilskot
  • tilskot til dyr på beite
  • tilskot til dyr på utmarksbeite

 

Har du spørsmål?

Les i rettleiaren til søknad om produksjonstilskot og tilskot til avløysing ved ferie og fritid. Du finn også ei oversikt over ofte stilte spørsmål på våre nettsider under menypunktet Produksjon og marked/Produksjonstilskudd/Ofte stilte spørsmål. Om du ikkje finn svaret på det du lurer på der, kan du ta kontakt med kommunen din.

Del på:

Publisert 02.05.2017