Betre skattereglar for naturalytingar i arbeidsforhold

Mange arbeidsgjevarar opplever skattereglane for naturalytingar som uklåre og delvis utdaterte. Regjeringa legg no fram endringar som vil klårgjere viktige delar av regelverket. Det vil verte enklare å gjere ting rett.


Formålet med endringane er å gjere reglane enklare og klårare, meir rettferdige og betre tilpassa samfunnet slik det er i dag. Fleire av rutinane m.m. som arbeidsgjevarane må ha for å følgje skattepliktene vil vere høvelege som vern mot korrupsjon og anna uheldig påverknad frå tredjepartar. 

For å gje arbeidsgjevarane tid til å gå gjennom reglar, rutinar og system for ytingar til dei tilsette, legg regjeringa opp til at endringane skal gjelde frå inntektsåret 2019. 

Kilde: Pressemelding fra Finansdepartementet

Les meir i Prop. 86 LS (2017–2018) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga

Fant du det du lette etter?

Takk for tilbakemeldingen.

Åpne kontaktskjema