Kva for kontorløysing bør du velje?

Ope landskap, cellekontor, heimekontor eller free seating: Kva for kontorløysing bør arbeidsplassen din gå for? Råd på ei ny nettside kan hjelpe deg å velje rett.


– Den nye nettsida og rettleiinga om kontorløysingar gir ingen fasit, men ho synleggjer krava og kva for følger kontorløysinga kan ha for arbeidsmiljøet. Slik legg ho eit godt grunnlag for val, seier direktør i Arbeidstilsynet, Trude Vollheim.

Nettside: Korleis forma kontoret ut?

Arbeidstakarane må vere utgangspunktet

Mange faktorar kan påverke valet av kontorløysing, blant anna økonomi, areal, miljø, energibruk, lokalisering og transport. Men slike faktorar er ikkje tema for Arbeidstilsynet si rettleiing.

Rettleiinga legg vekt på at ein må velje ei kontorløysing som tar utgangspunkt i dei arbeidsoppgåvene som skal gjerast og dei menneska som arbeider der. Rett og slett fordi arbeidsmiljøet ikkje skal utsette arbeidstakarane for fysiske eller psykiske belastningar.

Kontorløysinga er arbeidsgivar sitt ansvar

Det er arbeidsgivaren som har ansvar for å kartlegge behova på arbeidsplassen og vurdere gode løysingar. Rettleiinga legg vekt på at arbeidsgivaren må kartlegge moglege farar og utfordringar for å sikre gode vilkår for kvar enkelt arbeidstakar, oppgåvene dei skal løyse og det felles arbeidsmiljøet.

Deretter må arbeidsgivaren vurdere risikoen for at ulike kontorløysingar kan føre til helseplager. Valet av kontorløysing skal vere basert på denne kartlegginga og risikovurderinga.

Bruk rettleiinga som ein medspelar

– Arbeidsmiljøregelverket har fokus på helsa og tryggleiken til arbeidstakarane. Slik kan rettleiinga vere ein viktig medspelar i arbeidet med å utforme kontoret, meiner Vollheim.

Les meir hos Arbeidstilsynet:

Utforming av arbeidsplassen- Krav og regelverk

Arealkrav til kontorarbeidsplasser

Ergonomi - Arbeid ved dataskjerm

Åpne kontaktskjema