Unngå dyre HMS-kort
Mange verksemder innan bygg og anlegg og reinhald blir kontakta av aktørar som vil selje dei HMS-kort. Felles for tilboda er at HMS-korta kostar mange gonger så mykje som om verksemda sjølv bestiller dei direkte frå Arbeidstilsynet.
Dermed kan eit kort som kostar drygt hundre kronar hos Arbeidstilsynet, koste mellom 600 og 1000 kronar hos andre tilbydarar. Mange tilbydarar av denne tenesta tek seg altså svært godt betalt for å bestille HMS-kort på vegner av verksemda.
Det er berre Arbeidstilsynet som utferdar HMS-kort, og den offisielle sida for å bestille korta er hmskort.no.
HMS-kortsvindel
Det finst også useriøse aktørar som slett ikkje har som mål å hjelpe verksemdene. Arbeidstilsynet vert jamleg kontakta av fortvilte verksemder som har bestilt og betalt for HMS-kort utan å ha fått dei, seier seksjonsleiar Ørnulf Halmrast ved seksjon for godkjenningar og meldingar i Arbeidstilsynet.
– Tilsette kan ikkje settast i arbeid utan HMS-kort eller dokumentasjon på at arbeidsgivar har bestilt HMS-kort. Om korta som er bestilt, ikkje kjem, kan verksemda kome i ein vanskeleg situasjon, med omsyn til både drift og økonomi, seier Halmrast.
Betre bestillingsside og enklare ID-sjekk
Nyleg lanserte Arbeidstilsynet ein oppdatert versjon av bestillingssida hmskort.no. Vi har gått gjennom både språket og funksjonaliteten for å gjere det enklare å bestille HMS-kort. Mellom anna har man gjort det enklare å administrere mange kortbestillingar på éin gong.
Samstundes har Arbeidstilsynet lansert appen HMS-kort. Her kan arbeidstakarane sjølve laste opp både portrettbilete og bilete av legitimasjonen sin. Det gjer bestillinga og leveringa raskare og smidigare.