Korleis melde flytting, ny bankkonto og andre endringar?

Dersom verksemda di flyttar, får nye styremedlemmer, ny bankkonto eller liknande, må du sørge for at desse endringane blir registrerte. Kor du skal melde endringane varierer avhengig av kva som skal endrast.


Endring av adresse/annan kontaktinformasjon/verksemdsbeskriving/styremedlemmer eller aktivitet/bransje

Endring av adresse, telefon, e-postadresse, føretaksnamn, aktivitet/bransje, verksemdsbeskriving og styremedlemmer melder du via skjemaet Samordna registermelding i Altinn. Skal bedrifta flytte eller endre postadresse må dette i tillegg meldast til Posten.

Melding om adresseendring til Posten

Endre bankkontonummer for refusjon av meirverdiavgift

For å endre eller registrere kontonummer for refusjon av meirverdiavgift loggar du inn på Skatteetaten sine kontoopplysningar for verksemda di.

Skatteetaten – registrera eller endra kontonummer i Meirverdiavgiftsregisteret

Endre bankkontonummer for tilbakebetaling av skatt

For å endre eller registrere kontonummer for tilbakebetaling av skatt loggar du inn på Skatteetaten sine kontoopplysningar for verksemda di.

Skatteetaten – registrere eller endre kontonummer for utbetalingar frå Skatteetaten

Endre bankkontonummer for refusjonar frå NAV

For å endre kontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgivar loggar du inn på tenesta "Bankkontonummer for refusjonar frå NAV til arbeidsgivar".

Åpne kontaktskjema