Tilskotsordningar frå Vestnorsk filmsenter

Vestnorsk filmsenter satsar på lokale filmskaparar og skal bidra til å bygge ein berekraftig filmbransje. Vestnorsk filmsenter skal sikre at film av høg kunstnarisk kvalitet blir produsert i regionen og skal bidra til at filmar frå Vestlandet kjem ut i verda.


Med Vestlandet meiner ein fylka Møre og Romsdal og Vestland. Prosjekt kan bli vurderte individuelt dersom dei har ei tydeleg forankring i regionen.

Kva kan du søke stønad til?

  • utvikling og produksjon kortfilm
  • utvikling og produksjon dokumentarfilm – enkeltståande og seriar
  • samproduksjonar – produksjon
  • utvikling spelefilm, seriar og spel
  • kompetansehevande og bransjeutviklande tiltak
  • talentutvikling
  • filmkulturelle tiltak


Kven kan søke?

  • Søkar må ha audiovisuell produksjon som hovudformålet sitt
  • og vere registrert i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret
  • og ha kontoradresse på Vestlandet, og skatte til kommune på Vestlandet
  • Søker kan ikkje vere eigd heilt eller delvis av eit kringkastingsselskap

 

Vestnorsk filmsenter gir stønad til kort- og dokumentarfilmprosjekt, bransjehevande tiltak, utvikling av langfilm og tv-seriar, manusrettleiing og interaktive produksjonar for barn og unge.

Tilskot blir elles gitt i samsvar med forskrift om tilskot til audiovisuelle produksjonar.

Tilskot blir gitt etter søknad. Det er normalt 5 søknadsfristar i året. Desse blir kunngjorde på Vestnorsk filmsenter sine nettsider. Det er 4-6 vekers behandlingstid på søknader som er sende inn.

Vestnorsk filmsenter om tilskuddsordningar

Åpne kontaktskjema