Personvern og cookies

Personvern er svært viktig for Altinn.


Når du nyttar deg av tenester i Altinn vil den informasjonen du gir frå deg kun sendast til den eller dei offentlege verksemdene som skal ha informasjonen til sin sakshandsaming.

Handsamingsansvarleg

Alle offentlege verksemder som deltek i Altinn-samarbeidet, er kvar for seg handsamingsansvarleg for sine tenester i Altinn. Om du har spørsmål vedrørande personvern for ei bestemt teneste, kan henvendingar rettast til den offentlege verksemda som eig tenesta.

Brønnøysundregistera er handsamingsansvarleg for personopplysingar i innboksen i Altinn. Har du spørsmål om personvern generelt i portalen, kan disse rettast til Altinn Sentralforvaltning.

Føremål

Føremålet med behandlinga i Altinn er å tilretteleggje for forenkla og effektivisert samhandling mellom brukarane og offentlege verksemder. Kvar offentleg verksemd som mottek innleverte opplysingar via Altinn vil handsame opplysingane etter gjeldande lovheimlar.

Handsamingsgrunnlag

Digital kommunikasjon er hovudregelen når forvaltninga kommuniserer med andre.

Kontaktinformasjon

Din kontaktinformasjon som ligg under Profil i Altinn, vert henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret. Denne informasjonen brukast av offentlege etatar til å sende deg meldingar og varsel frå Altinn.

Opptrer du på vegne av andre i Altinn, kan du velgje å leggje kontaktinformasjonen din under Profil. Du vil då få varslingar på det du har rett til for denne personen/verksemda.

Brukardatabasen

Altinn har ein brukardatabase som inneheld namn, fødselsnummer, adresse. Desse opplysingane er henta frå Det sentrale folkeregisteret (med unntak av klientadresser, hemmelege adresser og hemmelege adresser rekna som fortruleg), og brukast berre for å sende deg PIN-koder på papir, og for å førehandsutfylle adresseinformasjon i relevante skjema/tenester. Brukardatabasen henter også opplysingar frå Einingsregisteret for å gi deg rettar knytta til rolla di (dagleg leiar, revisor mv.) i næringsverksemd. Sjå Profil i Altinn for å sjå kva informasjon om deg som er henta frå Einingsregisteret.

Ved utfylling

Nokre skjema/tenester krev at du fyller inn personlege opplysingar. Desse vil ikkje bli brukte av etaten før du har sendt inn skjemaet/tenesta. Hos etaten vil opplysingane bli benytta til ordinær sakshandsaming, på same måte som ved levering av papirskjema.

Førehandsutfylt data

For nokre skjema/tenester vil opplysingar vere utfylte på førehand for deg. Eventuelle opplysingar hentast frå den enkelte offentlege verksemd sine databaser. Namn og adresse hentast frå Det sentrale folkeregisteret og Einingsregisteret.

Innboks

I innboksen ligg alle skjema og tenester som du har under arbeid. Her vil du også finne dei skjemaa som du har sendt og motteke gjennom Altinn.

I innboksen vil innsendingar kunne langtidslagrast i mappa Arkiv, der dei er tilgjengeleg for deg og andre som har fått delegert rettar til skjemaet/tenesta. Arkivet fungerer som ein juridisk logg som sikrar deg ved ein eventuell tvist om innlevering. Av denne grunn lagrast opplysingane i 10 år.

Innsyn, retting og sletting

Etter personopplysningsloven har du krav på innsyn i handsaming av personopplysingane dine. Når det gjeld innhaldet i skjema du sjølv fyller ut vil desse vere tilgjengeleg via innboksen. Begjæring om innsyn kan alternativt rettast til den enkelte offentlege verksemd.

Informasjonen som finst i Altinn baserer seg på offentlege registre. Det vil difor vere avgrensa moglegheit til å rette opplysingar i portalen. Eksempelvis vil namn og adresse hentast frå Det sentrale folkeregisteret. Stemmer ikkje opplysingane om deg må det sendast melding til Folkeregisteret. Om du ikkje får tilgang til ei verksemd kan det vere fordi opplysingane i Einingsregisteret ikkje er oppdatert. Du må då sørgje for at endringsmelding sendast til Einingsregisteret.

Du kan slette alle skjema og tenester med personopplysingar på vegne av deg sjølv i innboksen i Altinn. 

Utlevering til andre

Personopplysingar vil bli utleverte til offentlege myndigheiter når dette følgjer av lovbestemt opplysingsplikt.

Nettstatistikk

På informasjonssidene før innlogging i Altinn brukast analyseverktøyet Google Analytics for å samle og vurdere informasjon om korleis besøkande bruker nettstaden. Google Analytics bruker informasjonskapslar. Det er Brønnøysundregistera, som forvalter av Altinn-løysinga, som bestemmer kva opplysingar Google kan innhente om bruken av nettstaden. Google Analytics mottek berre generell webstatistikk, som t.d. nettlesartype, tidspunkt, språk og kva nettside brukeren kom frå.

I tråd med vanleg praksis på Internett registrerast brukaren si IP-adresse av nettstaden altinn.no og underliggjande sider. Brønnøysundregistera har imidlertid valt å leggje inn eit script som fjerner dei siste sifra frå IP-adressa di før informasjonen lagrast av Google Analytics. Dette gjer at analyseverktøyet kan anslå brukaren si geografiske plassering, men adressa kan ikkje nyttast for å identifisere den enkelte. Mottekne opplysingar er underlagt Google sine retningslinjer for personvern.

Cookies på altinn.no

På altinn.no brukes det cookies (informasjonskapsler) for å bedre brukeropplevelsen av nettstedet, samt til statistikkformål. Her finner du en oversikt over de cookiene vi bruker på altinn.no.

altinnContext
Denne cookien opprettes for å sørge for visning av relevante data på ulike steder i Altinn mens du er innlogget. Den slettes automatisk når du lukker nettleseren. Cookien inneholder krypterte data om hvordan du bruker Altinn.

altinnPersistentContext 
Denne cookien brukes til å huske enkelte valg du gjør på altinn.no til neste gang du bruker løsningen. Dataene som tas vare på er valgt språk og forrige valgte innloggingsmetode.

ASP.NET_SessionId, ASPXAUTH, .ASPXAUTH
Disse cookiene er standard-cookier som brukes for å huske valg du gjør på altinn.no. De slettes automatisk når nettleserøkten avsluttes. Innholdet i cookiene er et tilfeldig opprettet identifiseringsnummer og informasjon om valg du har gjort.

BIGipServerai2v2-pr01-cms-80, BIGipServerai2v2-pr01-portal-80, Environment
Disse cookiene er opprettet av Altinn, og sørger for korrekt fordeling av trafikk mellom de ulike serverne i Altinn-løsningen. De slettes automatisk når nettleserøkten avsluttes.BIGipServerai2v2-pr01-cms-80 og BIGipServerai2v2-pr01-portal-80 inneholder IP-adresse.

_utma, _utmb, _utmc, _utmz
Brukes til statistikkformål (Google Analytics). Google har informasjon om innhold og varighet.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema