Avanserte innstillingar
Her finn du ulike innstillingar for aktøren du representerer.
Brukast til innlogging via Alternativ innlogging i Altinn → Passord og SMS, og er autentiseringsmetoden som vert nytta ved innsending av skjema via datasystem.
For å kunne registrere datasystem på ei verksemd må du ha rollen Tilgangsstyring. Du kan registrere datasystem under Avanserte innstillingar→ Registrer datasystem. Pass på at du er inne på riktig aktør/profil
Når du har fylt ut opåkravde felt vil det dukke opp eit ID-nummeret i lista under. ID-nummeret og passordet du har laga skal leggjast inn i datasystemet du bruker. Er du usikker på der dette skal leggjast inn må du kontakte datasystemleverandøren din.
Viss du ønskjer å overføre data frå ein sjølvregistrert brukar til ny brukar med fødsels- eller D-nummer, så kan dette gjerast under Profil → Avanserte innstillingar → Overfør brukar.
Verksemdsertifikat er ein innloggingsmetode som er knytt til organisasjonsnummer, og som først og fremst er berekna for større verksemder. Innlogging med verksemdsertifikat krev at det er installert eit sertifikat i nettlesaren din. Vidare må verksemdsbrukar opprettast og det må tildelast roller.
Verksemdsertifikata som kan nyttast i Altinn leverast av Commfides og Buypass.
Merk at ikkje alle tenester støttar bruk av verksemdssertifikat og krev personleg innlogging.
Sjekk verksemdsertifikat trinn for trinn for meir informasjon.