Ved arbeid med asbest eller asbesthaldig materiale skal de sende melding til Arbeidstilsynet på førehand. Send inn meldinga så tidleg som mogleg, og seinast ei veke før de skal starte arbeidet. Det er berre verksemder som har tillatelse for å arbeide med asbest som kan ta på seg slike oppdrag, og som skal sende inn melding.

Start teneste

Om denne tenesta

Sjå send melding om arbeid med asbest for rettleiing til utfylling av skjemaet.

Alle virksomheter som har tillatelse til å arbeide med asbest og asbestholdige materialer.

I meldinga skal de gi informasjon om

  • kvar de skal arbeide med asbest
  • når de skal gjere arbeidet
  • kva materiale de skal handtere
  • kva arbeid de skal gjere
  • talet på arbeidstakarar som skal gjere arbeidet
  • kva tiltak de har for å avgrense arbeidstakarane si eksponering for asbest
  • Kva tiltak de har for å forhindre forureining

I tillegg skal de bekrefte at arbeidstakarane har hatt opplæring.

De skal sende inn melding om arbeid med asbest fordi Arbeidstilsynet skal kunne vurdere om arbeidet er planlagt etter regelverket før de startar.

Det er berre arbeidstakarar med spesiell opplæring som kan arbeide med asbest eller asbesthaldig materiale.

Arbeidstilsynet om asbest

Treng du hjelp?

Arbeidstilsynets svarteneste svarer på spørsmål om utfylling av skjemaet:

Kontakt svartenesta

Meir informasjon:

Arbeidstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema