Skjema for melding om tryggleiksrådgjevar gir verksemder tilgang til elektronisk melding om utpeikt tryggleiksrådgjevar. Meldinga kan og gjelda eventuelt opphøyr av oppdrag; at verksemda ikkje lenger er plikta å ha tryggleiksråsgjevar, eller endring av informasjon. Formålet er at DSB til einkvar tid skal ha oversyn over alle utpeika tryggleiksråsgjevarar innan transport av farleg gods i relevante verksemder.

Start teneste

Om denne tenesta

Den som har tilgang til å melde inn tryggleiksrådgjevar på vegner av verksemda fyller ut nødvendig informasjon i skjemaet. Når knappen ”Send melding” er trykka på sendes melding til DSB. Du vil få ei kvittering på at meldinga er sendt.

Det er ingen frist for innsending av skjemaet.

Alle verksemder som plikter å ha eigne tryggleiksrådgjevar(ar) etter § 10 i forskrift om landtransport av farlig gods, skal sende melding til DSB via dette skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet for ei verksemd treng du Altinn-rolla  Patent, varemerke og design.

For å nytte tenesta krevs innlogging med tryggleiksnivå 3 eller høgare (ID-porten).

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida  Tilgangsstyring . Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

§ 10 Sikkerhetsrådgiver i forskrift 1. april 2009 nr. 384 om landtransport av farlig gods. http://lovdata.no/forskrift/2009-04-01-384/§10

Åpne kontaktskjema