I samsvar med artikkel 9 i Europaparlamentet- og rådsforordning (EU) nr 909/2014 av 23. april 2014 om betring av verdipapiroppgjør i Den europeiske union og om verdipapirsentraler, skal føretak som internaliserer verdipapiroppgjør rapportera samla omfang og verdi til tilsynsstyremaktene sine kvart kvartal.

Start teneste

Om denne tenesta

Dette er ei kvartalsvis rapportering med rapporteringsfrist innan 10. virkedag i den etterfølgjande månaden.

Inntil CSDR trer i kraft i norsk lov har Finanstilsynet lagt til rette for frivillig rapportering.

Rapporteringskravet gjeld føretak som internaliserer verdipapiroppgjør. Dette vil typisk vera verdipapirføretak, oppgjøragenter, forvaltere og liknande.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå hvilke roller du har for ein aktør på sida Profil, roller og rettar . Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Innhaldet i rapporten er beskriven nærare i teknisk reguleringsstandard 2017/391 og teknisk gjennomføringsstandard 2017/393

Data blir leverte som eit XML-vedlegg til skjema i Altinn. Sjå for øvrig Finanstilsynets nettsider.

For norske føretak vil rapporteringsplikten gjelda frå det tidspunkt CSDR trer i kraft i norsk lov. Frem til ikrafttredelse har Finanstilsynet lagt til rette for frivillig rapportering slik at føretaka kan teste løysningane sine. I denne perioden vil mottatte rapportar ikkje bli videresende til ESMA.

Spørsmål om skjemaet?

Se Finanstilsynets nettsider

Åpne kontaktskjema