Institusjonar som tilfredsstiller eit definert størrelseskriterie skal rapportera G-SII-indikatorar til myndane.

Til innboksen

Om denne tenesta

Rapporteringa er kvartalsvis, med rapporteringsfristar 1. juli, 1. oktober, 2. januar og 1. april. Dersom rapporteringsdagen fell på ein heilagdag, eller laurdag eller søndag, skal rapporten leverast følgjande arbeidsdag.

Korrigering av allereie innsend rapport blir gjord ved å nytta 'Lag ny kopi'-funksjonen frå arkiv-mappa.

Rapporteringskrava gjeld på konsolidert nivå, for institusjonar med eit eksponeringsmål høgare enn 125 mrd. EUR, berekna etter metoden for uvektet kjernekapitaldel (leverage ratio).

Dei som skal levera vil finna skjemaet i innboksen i Altinn.

For å fylla ut og senda inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyller/innsender.

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på Profil-sida. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegera ho til deg.

Rapport på XBRL-format skal leggast ved Altinn-skjemaet ved innsending. Tillatne filtyper er *.xbrl eller *.zip.

Spørsmål om skjemaet?

Sjå Finanstilsynets nettsider.

Åpne kontaktskjema