Om denne tenesta

Innleveringsfristar:

Rapportering for første halvår: 1. september
Rapportering for andre halvår: 1. mars

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet treng du Altinn-rolla Utfyllar/innsendar.

Du kan sjå kva rollar du har for ein aktør på sida Tilgangsstyring. Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere den til deg.

Kopi av eventuelle dokument som heimlar erstatningsansvar.

Opplysningar blir innhenta frå inkassoføretak for å vurdere soliditeten i føretaka, mellom anna sjå til at kravet om positiv eigenkapital er oppfylt. Innrapporteringa skal vidare medverke til å innhente statistikkopplysningar, fange opp eventuelle rutinar for behandling av klientmidlar som er i strid med inkassolovgivinga, og utføre skikkavurderingar av dagleg leiar, styremedlemmer og vesentleg(e) eigar(ar) av inkassoføretak.

Skjemaet inneheld opplysningar om resultatrekneskap og balanse, opplysningar om storleiken på klientmidlar i forhold til klientmiddelforpliktingane med spørsmål om rutinar for behandling av slike midlar, generelle opplysningar om omfanget av inkassoverksemda og opplysningar om eventuelt skifte av dagleg leiar og/eller styremedlemmer, mellom anna erverv av vesentleg eigardel og/eller auke i slik eigardel, som ledd i den skikkavurderinga Finanstilsynet utfører i medhald av inkassolova § 5.

Spørsmål om skjemaet?

Ved spørsmål om skjemaet, kontakt
Stein Tore Næprud, 22 93 98 07
e-post: stn@finanstilsynet.no

Åpne kontaktskjema