Løyve til framsyning, sal og utleie av film og videogram

Alle som skal visa film eller videogram i næring må ha løyve til dette frå kommunen.

Om denne tenesta

Alle som skal visa film og videogram i næringsverksemd.

Kvar enkelt kommune kan setje vilkår for tildeling av konsesjon for framsyning av film eller videogram i næring, jf. film- og videogramlova § 2 fjerde ledd. Løyvet kan bli gitt for ein periode opp til fem år. Etter ei lovendring som tredde i kraft frå 1. januar 2007, kan kommunane ikkje lenger knytte vilkår til konsesjonar for omsetnad av videogram.

Krav til søkjar:

Ved framsyning av film eller videogram i næring skal ein svare ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 % av brutto omsetnad. For omsetnad av videogram i næring skal det betalast ei avgift til Norsk kino- og filmfond per videogram.

Minstealder for sal og utleie av videogram er 18 år.

Merknadar:

Film eller videogram som skal framsynast i næring, må på førehand vere registrert i Medietilsynet.

Kva kommune skal du søke i?

Åpne kontaktskjema