Føretak som driv husdyrproduksjon, planteproduksjon på friland, produksjon i veksthus eller honningproduksjon, kan søkje om tilskot til avløysing dersom jordbrukaren blir sjuk, skal ha eller har fått barn eller har sjukt barn. Privatpersonar som er etterlaten ektefelle, sambuar, forelder eller barn til avdød jordbrukar kan søkje om tilskot til avløysing for inntil 8 veker etter dødsfallet.

Personvernerklæringa til Landbruksdirektoratet

Start teneste

På grunn av etablering av ny IT-plattform i Landbruksdirektoratet, vil dette skjema ikke være tilgjengelig i perioden 29. nov. kl. 08:00 - 4. des. kl. 08:00.

Om denne tenesta

Skjemaet skal brukast for å søkje om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv.

Dersom du treng avløysing i ein lang periode, kan du velje om du vil søkje ein gong for heile perioden, eller om du vil søkje undervegs fleire gonger for å få utbetalt tilskot undervegs.

Dersom du har hatt sjukt barn, og avløysingsperioden strakk seg over eit årsskifte, må du sende to søknader; ein per år.

Søknadsfristen er eitt år. Du må sende inn søknaden seinast 365 dagar etter siste dag i perioden det vert søkt om tilskot til avløsning for.

Føretak kan søkje om tilskot dersom

  • dei dreiv vanleg jordbruksproduksjon og hadde ein viss produksjon den første dagen i perioden det vert søkt om tilskot for
  • dei kan dokumentere utgifter til avløysar
  • dei kan dokumentere at jordbrukaren ikkje kunne utføre sine vanlege arbeidsoppgåver sjølv pga. sjukdom, svangerskap, fødsel, omsorgsovertaking eller sjukdom hos barn
  • den avløyste jordbrukaren har næringsinntekt frå føretaket

Privatpersonar kan søkje om tilskot dersom

  • dei er etterlaten ektefelle, sambuar, forelder eller barn til avdød jordbrukar
  • dei kan dokumentere utgifter til avløysing etter dødsfallet
  • den avdøde jordbrukaren hadde næringsinntekt frå jordbruk/gartneri

For avløysing i produksjon av plantar på friland og i honningproduksjon, vert det berre gitt tilskot for periodar som er innanfor onnetida (vanlegvis 15. april til 1. oktober).

Du finn meir informasjon på nettsidene til Landbruksdirektoratet, www.landbruksdirektoratet.no.

For å ha tilgang til tenesta på vegne av eit føretak må du ha rolla «Primærnæring og næringsmidler» eller enkeltrett til tenesta. For å sjekke om du har riktig rolle eller enkeltrett for ein aktør, kan du sjå under menypunktet "Profil, roller og rettigheter". Om du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere rolla eller retten til deg.

Tenesta krev innlogging med tryggingsnivå 3 eller høgare. Du skal blant anna kunne bruke kodebrev frå Difi.

Opplysningane blir brukte til å handsame søknad om og berekne storleiken på tilskotet til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom og fødsel mv.

Reglar om i kva for situasjonar du kan ha rett til tilskot, samt om kva for vilkår som må vere oppfylte, finst i forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. Satsar og berekningsreglar finst i gjeldande Jordbruksavtale.

Opplysningane frå søknaden kan brukast også av andre offentlege organ som har heimel til å innhente dei same opplysningane. Dette står i lov om Oppgaveregisteret §§ 5 og 6.

Trenger du hjelp?

Spørsmål om tilskudd til avløsning ved sykdom og fødsel mv. skal rettes til kommunen.

Dersom det er tekniske problemer med skjemaet kan dette meldes til support@landbruksdirektoratet.no

Åpne kontaktskjema