Organisasjonen sine samla inntekter, utgifter og overskot frå eventuelle lotteri/bingo skal rapporterast. Plikta til å rapportere gjeld sjølv om foreininga ikkje hadde lotteri eller bingo i rapporteringsåret.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet nyttast periodisk, frå midten av februar kvart år og fram til fristen. Årleg frist er 1. juni

Alle førehandsgodkjende organisasjonar, både ikkje-fortjenestebaserte organisasjonar og kringkastarar, skal rapportere sentrale rekneskapstal frå sitt rekneskap til Lotteritilsynet.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla utfyllar/innsendar. Du kan sjå kva rolle du har ved å gå til fana Profil. Dagleg leiar/styreleiar kan gje/delegere rolle i Altinn.

Du skal ikkje sende inn andre dokument enn ferdig utfylt rekneskapsskjema.

Alle organisasjonar som er førehandsgodkjende etter pengespelforskrifta §§ 38 og 39, skal føre rekneskap.

Organisasjonane skal kvart år sende inn rekneskapsopplysningar, herunder korleis overskot frå pengespel er nytta, til Lotteritilsynet, jf. pengespelforskrifta § 42.

Organisasjonar som har hatt pengespel (lotteri og/eller bingo), skal gje ei kort utgreiing for korleis inntektene frå pengespelet blei disponert i rekneskapsåret. Ved avvikande rekneskapsår, skal det rapporterast for rekneskapen som blei avslutta i rapporteringsåret.

Ved innsendt skjema, vil de motta ei kvittering frå Altinn som stadfestar at opplysningane er sendt til Lotteritilsynet. Denne kvitteringa har eit referansenummer som startar med AR…

På nettsida http://www.lottstift.no kan du sjå om rekneskapsopplysningane er registrert eller ikkje.

Kontaktinformasjon

Dersom innsendar har sendt inn feil opplysningar i skjemaet, kan Lotteritilsynet kontaktast på telefon: 57 82 80 00 eller sende e-post til postmottak@lottstift.no

Åpne kontaktskjema