Dette skjemaet bruker du for å bestille utvalde attestar og utskriftar frå Skatteetaten.

Skal du bestille ein attest for formuesverdi av eigedom på vegne av eigaren, må du ha ein fullmakt frå eigaren.

Attest for formuesverdi på eigedom viser formuesverdien for inntektsåret 2022.

 

 

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal sendast inn når innsendaren ønskjer at det blir utferda attest.

Skjemaet skal du bruke dersom du ønskjer å bestille ein av attesttypane nemnde ovanfor.

Både privatpersonar og selskap kan bestille attestar.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla privatperson avgrensa retter når du bestiller attestar for deg sjølv eller enkeltpersonføretak.

Når du bestiller attestar for selskap, treng du Altinn-rolla  Rekneskapsmedarbeidar, Rekneskapsførar utan signeringsrettighet og Revisormedarbeidar.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, Rekneskapsførar lønn, Rekneskapsførar med signeringsrettighet eller Revisorrett.

For å bruke tenesten må du logge inn med sikkerheitsnivå 3 - Innlogging med MinID (via ID-porten) eller verksemdssertifikat.

Du kan bestille følgjande attesttype gjennom dette skjemaet:

- Attest for skatt og meirverdiavgift

- Stadfesting av formuesverdi eigedom.

Ved bestilling vel ein kva for språk dokumentet skal leverast på, og for stadfesting av formuesverdi eigedom og eigar av og eigedommen det gjeld.

Dokument som blir bestilte via dette skjemaet, vil bli produserte automatisk og leverte elektronisk i PDF-format til mottakaren sin innboks i Altinn.  Dette gjeld og dersom mottakaren har reservert seg for kommunikasjon på nett.  Normalt vil mottakaren vere den som attesten gjeld (person eller selskap).  For somme attestar kan mottakaren vere ein annan enn den attesten gjeld, til dømes når eit merklarfirma bestiller formuessverdi.

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.

Telefon 800 80 000

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema