Tenesta blir nytt for å hente skattekort for den tilsette via eit lønnssystem.

Dersom tenesta stoppar opp utanfor normal arbeidstid i kvardagar eller i helgane, blir det tidlegast retta neste yrkedag.

Start teneste

Om denne tenesta

  • Arbeidsgivarar som skal innhente skattekort for dei tilsette.
  • Rekneskapsførarar, lønssentralar mv. som skal innhente skattekort på vegner av klientar.
  • Du må representere ei juridisk eining (føretak/bedrift) for å kunne bruke dette skjemaet.

Tenesta er tilgjengeleg for alle verksemder.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla

Kontaktperson NUF

Du kan sjå kva roller du har for ein aktør på sida  Tilgangsstyring . Om du ikkje har denne rolla, må du få nokon som har rolla til å delegere ho til deg.

Rolla er delegerbar til organisasjon og person.

Vedlegget må vere ei xml- fil og vere bygd opp i samsvar med Skatteetaten sine spesifikasjonar. Sjå fagsystemportalen for xsd som beskriv vedlegget.
Her finn du også eksempel på korleis vedlegget kan sjå ut.

Andre format, t.d. txt.fil, Word, Excel, pdf eller liknande vil ikkje fungere.

Det er fullt mogeleg å hente skattekort for tilsette i fleire bedrifter i éi fil.

Skjemaet Skattekort til arbeidsgivar (RF-1211) skal nyttast når du skal hente e skattekort via/til eit lønssystem. Tenesta krev at du har fødselsnummer til alle tilsette. Tenesta skal nyttast til å hente skattekortopplysningar ved byrjinga av året og ved nytilsetjingar gjennom året. Dersom nokon av lønsmottakarane dine endrar skattekortet, mottek du e-post/sms og ei melding i innboksen. Du kan då bestille endra skattekort utan å sende ei ny fil.

Skjemaet inneheld éi hovudside og éi vedleggsside.

Hovudsida
Her må du opplyse om kven du representerer, adresse for varsling på SMS eller e-post og om du vil hente nye eller endra skattekort.

Oversikt – skjema og vedlegg
Her kan du laste opp filvedlegg frå lønssystemet. Filvedlegget må følgje Skatteetaten sine format. Du må undersøkje om lønssystemet ditt støttar denne Altinn-tenesta. 

Tilbakemelding til "Innboksen"
Du vil få tilbake ei fil med skattekortopplysningar for alle gyldige fødselsnummer i fila som er send inn.

Har du bestilt endra skattekort, vil du motta ei fil med alle skattekort som er endra sidan førre førespurnad. Tilbakemeldinga finn du i innboksen innan 30 minuttar etter at bestillinga er send.

Om du ikkje har lønnnssystem, sjå lenkje Skattekort til arbeidsgivar (RF-1307)

Treng du hjelp?

Skatteetaten si faglege brukarstøtte svarar på spørsmål knytta til utfylling av skjema.

Telefon 800 80 000

Kontaktinformasjon

Åpne kontaktskjema