Mva-melding (merverdiavgift) (RF-0002, RF-0004, RF-0005)

Alle verksemder som er registrerte i Mva-registeret skal levere mva-melding.

Sjå, endre og lever mva-melding på skatteetaten.no

Om denne tenesta

Alle verksemder som er registrerte i Mva-registeret skal levere mva-melding. Når mva-meldinga er riktig utfylt, viser ho kor mykje meirverdiavgift verksemda skal betale til staten, eller staten skal betale til verksemda.

Opplysningsplikta har heimel i lov om skatteforvaltning

Dei fleste verksemder skal levere mva-meldinga annankvar månad.
Finn ut kva fristar som gjeld for deg

Små verksemder kan søkje om innlevering éin gong per år

Alle verksemder som er registrerte i Mva-registeret skal levere mva-melding.

Du kan fylle ut og sende inn mva-melding med ei av desse rollene:

  • avgrensa signeringsrett
  • kontaktperson NUF
  • rekneskapsførar med signeringsrett

 

Dersom du har ei av desse rollene kan du fylle ut mva-meldinga, men ikkje sende inn:

  • ansvarleg revisor
  • rekneskapsmedarbeidar
  • rekneskapsførar utan signeringsrett
  • revisormedarbeidar

 

Les meir om roller og rettar hos Altinn

 

Mva-melding for omvendt avgiftsplikt (RF-0005)

Alle verksemder som er registrerte i Mva-registeret skal levere mva-melding.

Næringsdrivande og offentlege verksemder som ikkje er registrerte i Meirverdiavgiftsregisteret, skal levere mva-melding når verksemda i løpet av eit kvartal har

  • kjøpt avgiftspliktige tenester frå utlandet, Svalbard og Jan Mayen for meir enn 2 000 kroner (utan mva.)
  • gjort innanlands kjøp av klimakvotar for meir enn 2 000 kroner (utan mva.)
  • gjort innanlands kjøp av gull for meir enn 2 000 kroner (utan mva.)

 

Les meir om Mva-melding for omvend avgiftsplikt

Åpne kontaktskjema