Registrering av verksemd for produksjon, innførsel og engrossal av alkoholhaldig drikk

Det vert stilt krav til registrering av alle verksemder som ønskjer å produsere, innføre eller drive engrossal av alkoholhaldig drikk. Nedanfor finn du meir informasjon om dette.

Om denne tenesta

Dokumentasjon på uklanderleg vandel i tillegg til forretningsmessige forhold, som blant anna godkjent lokale osv., jf. særavgiftsforskrifta kap. 5 og skatteforvaltningslova § 10-5.

Det vert stilt krav til registrering hos Skatteetaten før løyve vert gjeve.

Verksemder som produserer alkoholhaldig drikk, må vise fram løyve gjeve av Helsedirektoratet før verksemda kan registrerast.

Personar som eig ein vesentleg del av ei verksemd eller eit selskap som driv verksemd som produserer eller importerer alkoholhaldig drikk, må ha utvist uklanderleg vandel i forhold til lovgjevinga som har betydning for korleis verksemda skal utøvast. Sjå nærmare beskriving i særavgiftsforskrifta § 5-3 tredje ledd. Kravet gjeld også verksemder registrerte for engrossal av alkoholhaldig drikk etter alkohollova § 1-4c, jf. engrosforskrifta § 5-1 andre ledd.

Registrering som produsent gjev rett til produksjon, og registrering som importør gjev rett til innførsel. Registrering som produsent eller importør gjev samstundes rett til engrossal, mens registrering som rein grossist berre gjev rett til engrossal.

Send søknaden med vedlegg til Skatteetaten.

Trenger du hjelp?

Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema