Skjemaet skal nyttast når Skatteetaten i samband med kontroll, ber om å få lagt fram den elektroniske journalen på standardisert form fastsett av Skattedirektoratet.

Start teneste

Om denne tenesta

Skjemaet skal nyttast når Skatteetaten i samband med kontroll, ber om å få lagt fram den elektroniske journalen på standardisert form fastsett av Skattedirektoratet. Her: SAF-T Kassasystem (SAF-T Cash Register). Du finn meir informasjon, kodelister og XML-skjema på www.skatteetaten.no/saf-t eller https://github.com/skatteetaten/saf-t.

Altinn skal nyttast når ein sender inn SAF-T Kassasystemfiler til Skatteetaten.

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett. Signering krev rolla Avgrensa signeringsrett, Utfyllar/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig, er det krav om rolla Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Rettleiing om roller og rettar finn du på hjelpesidene våre.

Berre gyldige personnummer/D-nummer og organisasjonsnummer kan nyttast når ein loggar på.

Tenesta krev pålogging med tryggleiksnivå 3.

Plikta til å sende inn SAF-T kassasystemfiler som følgje av kontroll følgjer av skatteforvaltingslova § 10-1 https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2016-05-27-14/KAPITTEL_10#§10-1))

Vedlegget skal vere i XML-format eller pakka i ZIP. Kvar einskild fil som blir lagt ved, kan maksimalt vere 200 MB (etter pakking til ZIP). Som hovudregel tilrår ein alltid å pakke XML-filer til ZIP-format.

Trenger du hjelp?

Skatteetatens faglige brukerstøtte svarer på spørsmål knyttet til utfylling av skjema.
Telefon: 800 80 000

Åpne kontaktskjema