Undersøkinga spør føretak som opererer på norske jernbaneskjener etter opplysningar om gods- og passasjertransport. Opplysningane blir brukte til vidare rapportering til Eurostat etter EU si jernbaneforordning 2018/643 og til å oppdatere nøkkeltal i statistikkane for jernbane- og kollektivtransport.

Til innboksen

Om denne tenesta

Kvartalsvis

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjema ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i "Arkiv".

Feilinnsending
Er skjema sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i "Arkiv" og trykke på "Lag ny kopi".

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her.

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema