Verksemder som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om talet på passasjerar og billettinntekter. Opplysningane blir nytta til å utarbeide kvartalsvise nøkkeltal om kollektivtransporten og belyse omfanget av og kvaliteten på kollektivtransporttilbodet; det gir grunnlag for prioriteringar i både statsbudsjettet og fylkeskommunale budsjett og planar.

Til innboksen

Om denne tenesta

Kvartalsvis.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen

Berre verksemder (undereiningar/avdelingar) som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du ei av desse rollene i Altinn: Utfyllar/innsendarAnsvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Skjemaet krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

For føretak med fleire verksemder (undereiningar/avdelingar) ligg skjemaet i verksemda sin innboks. For å komme til verksemda sin innboks, logger du først inn i Altinn. Deretter trykker du på ikonet øvst i høgre hjørne. Vel «Vis alle aktørar». Merk av i boksen «Sjå alle undereiningar». Her vel du den aktøren (verksemda) du skal svare for.

For føretak med éi verksemd blir skjemaet sendt til føretaket sin innboks (det juridiske organisasjonsnummeret). Dette skjemaet er merkt med verksemda sitt organisasjonsnummer på den første sida i skjemaet.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema