Føretak innanfor kollektivtransport som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal gi opplysningar om talet på passasjerar og billettinntekter etter transportform. Opplysningane blir nytta til å utarbeide årlege oppdaterte nøkkeltal om kollektivtransporten og belyse omfanget av og kvaliteten på kollektivtransporttilbodet; det gir grunnlag for prioriteringar i både statsbudsjettet og fylkeskommunale budsjett og planar.

Til innboksen

Om denne tenesta

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du Altinn-rolla: Utfyllar/Innsendar.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Skjemaet krev innlogging med sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema