Utgåande og inngåande avgift


Utgåande avgift er mva som du skal rekne ut og krevje inn når du sel varer og tenester, så framt at du er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret. Utgåande avgift skal reknast både ved omsetning til andre næringsdrivande og til vanlege forbrukarar. Du skal også rekne utgåande avgift når du som registrert næringsdrivande tek ut varer eller tenester til privat bruk. Det skal også som hovudregel reknast mva når du tek ut ei vare frå den avgiftspliktige delen av verksemda som skal nyttast i den avgiftsunntatte delen.

Inngåande avgift er mva som er inkludert i prisen når du kjøper ei avgiftspliktig vare eller teneste til verksemda di. Er du mva-registrert vil du kunne frådragsføre inngåande mva mot utgåande mva i mva-meldinga di.

Merverdiavgiftsloven

Eksempel på utrekning av utgåande og inngåande avgift

Butikken AS, som er registrert i Meirverdiavgiftsregisteret, kjøper inn varer i ein mva-periode for kr 62 000,- inkludert mva. I same periode sel bedrifta varer for kr 150 000 eksklusiv mva. I mva-meldinga skal du trekkje inngåande mva frå utgåande mva.

Omsetning Utrekning Mva Sum
Solgt varer for kr 150 000,- ekskl. mva 150 000 x 25/100 = kr 37 500,- Utgåande avgift 37 500,-
Handla varer for kr 62 000,- inkl. mva 62 000 x 25/125 = kr 12 400,- Inngåande avgift 12 400,-
Du må betale i mva. 37 500 - 12 400 = kr 25 100,- Differanse 25 100,-

I eit rekneskapsprogram vil alt dette reknast ut automatisk, og du vil normalt få skriven ut ein rapport lik den du skal sende inn til skattekontoret.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema