Er du blitt bedd om å registrere deg for å få jobb?

Kjem du opp i ein situasjon der nokon ber deg om å registrere enkeltpersonføretak for å få jobb hos dei, er det viktig å vere klar over at dette ikkje er noko andre kan bestemme for deg. Du må sjølv ønske å gjere det, samtidig som kriteria for å vere sjølvstendig næringsdrivande må vere oppfylte.


Arbeid for ein oppdragsgivar

Skal du arbeide for ein oppdragsgivar som stiller utstyr til disposisjon og bestemmer når og korleis jobben skal bli gjort, vil dette bli rekna som eit arbeidsforhold og du skal ha arbeidsavtale og få lønn.

Skatteetaten – arbeidstakar eller næringsdrivande?

Arbeidsmiljøloven om tilsetjing

Hovudregelen i arbeidsmiljølova er at arbeidstakarar skal bli fast tilsette. Med fast tilsetting meiner ein at tilsettinga er løpande og tidsuavgrensa, at arbeidstakar er sikra føreseielegheit for arbeid i form av reelt stillingsomfang og at reglane om opphøyr av arbeidsforhold gjeld. Det skal komme fram i arbeidsavtala kor mykje arbeidstakaren skal arbeide (for eksempel ved å skrive stillingsprosent). På visse vilkår og i visse situasjonar er det likevel mogleg med mellombels tilsetting.

Rettleiing og hjelp

Arbeidstilsynet har avgrensa moglegheit til å gi pålegg på dette området og kan i utgangspunktet berre gi råd og rettleiing om lova sine reglar når det gjeld tilsettingar. Oppstår det konflikt, kan du søke juridisk bistand. Er du medlem i ei fagforeining kan du søke hjelp der.

 

Åpne kontaktskjema