Konkurskarantene og tap av retten til å ha tillitsverv i aksjeselskap


Konkurskarantene

Konkurskarantene inneber at ein i eit tidsrom på to år ikkje kan stifta aksjeselskap eller ta på seg eller reelt utøva nye verv som medlem eller varamedlem av styret eller som dagleg leiar (administrerande direktør) i slikt selskap.

Ved konkurs i aksjeselskap kan styremedlemmer, varamedlemmer eller dagleg leiar påleggjast konkurskarantene. Det same gjeld personar som reelt i praksis har utøvd slike verv.

Konkurskarantene kan påleggjast viss det er grunn til å mistenkja vedkomande for ei straffbar handling i samband med konkursen eller den verksemda som har ført til konkursen. Det kan òg påleggjast konkurskarantene viss ein på grunn av uforsvarleg forretningsførsel blir anteke uskikka til å stifta nytt selskap eller vera styremedlem eller administrerande direktør i slikt selskap. Det er retten som avgjer om nokon skal setjast i konkurskarantene. Før konkurskarantene blir pålagt vil vedkomande få høve til å uttale seg..

Konkurskarantene inneber at ein mellom anna ikkje kan stifte aksjeselskap (AS), norsk avdeling av utanlandsk selskap (NUF), eller ta på seg eller reelt utøva nye verv som medlem eller varamedlem av styret eller administrerande direktør i slike selskap. Ein kan òg fjernast frå slike verv ein allereie innehar. Konkurskarantene varer vanlegvis i to år frå konkursopninga eller frå ilegginga, og blir registrert i Konkursregisteret. Det er straffbart å bryta reglane om konkurskarantene.

Retten kan bestemma at konkurskarantene skal forlengjast inntil rettskraftig dom finst i straffesak der påtalemakta har nedlagt eller vurderer å nedleggja påstand om rettstap etter straffelova § 56.

Konkurskarantene inneber ikkje forbod mot å driva ny næringsverksemd i form av enkeltpersonføretak eller ansvarleg selskap.

KonkurslovA om vilkår for konkurskarantene

Brønnøysundregistera om konkurskarantene

Tap av retten til å ha tillitsverv i aksjeselskap

Den som har gjort seg skuldig i ei straffbar handling som viser at vedkomande er uskikka til eller kan misbruka ei stilling, verksemd eller aktivitet, kan, når allmenne omsyn tilseier det,

  1. a) Blir stillinga fråteken, eller
    b) Blir fråteken retten til å ha ei stilling for framtida eller utøva ei verksemd eller aktivitet

Rettstapet kan avgrensast til forbod mot å utøva visse funksjonar som ligg til stillinga eller verksemda, eller til påbod om å utøva verksemda eller aktiviteten på bestemde vilkår.

Den som er fråteke retten til å utøva ei verksemd, kan heller ikkje forvalta ei slik verksemd for andre eller la andre forvalta ei slik verksemd for seg.

Rettstap etter føresegna kan påleggjast som einaste straff, viss det ikkje er fastsett ein minstestraff på fengsel i 1 år eller meir for handlinga.

Rettstap blir pålagt for ei bestemd tid inntil 5 år, eller når særlege grunnar tilseier det, på ubestemd tid.

Påtalemakta oppbevarer informasjon om personar som er frakjent retten til å ha ei stilling, eller utøva ei verksemd, eller aktivitet, som følgje av ei straffbar handling. Informasjon om rettstap blir send til Einingsregisteret og Føretaksregisteret. 

Straffelova om tap av retten til å ha ei stilling eller utøve ei verksemd eller aktivitet

Åpne kontaktskjema