Klage på andres bruk av føretaksnamnet ditt

Viss du meiner at nokon har registrert eit føretaksnamn som kan forvekslast med ditt, eller eit domenenamn du har rett til, kan du klaga på dette.


Klage på foretaksnavn

Dersom du meiner at nokon har registrert eit føretaksnamn som kan forvekslast med ditt særprega føretaksnamn eller varemerke, kan du klage til Patentstyret ved å krevje administrativ overprøving.

Klage på føretaksnamn til Patentstyret

Det kostar 4 000 kroner å krevje administrativ overprøving av eit registrert føretaksnamn.

Klage på domenenamn

Om nokon har registrert eit domenenamn du meiner du har rett til, for eksempel føretaksnamnet eller varemerket ditt, og du meiner at den som har registrert det, måtte vere klar over dette, kan du klage til Domeneklagenemnda.

Norid – Klage på registrering av domenenamn

Det kostar 6 215 kroner å få klagen behandla. Beløpet vert refundert dersom du får medhald i klagen.

Åpne kontaktskjema