Følgjemiddel for romindustri

Norsk Romsenter disponerer kvart år nasjonale middel (også kalla følgjemiddel) innan romverksemd. Ordninga skal operere innanfor teknologiintensive nisjar, og ho skal bidra til å utvikle norske høgteknologiske miljø.


Ei av dei viktigaste oppgåvene til Norsk Romsenter er å hjelpe norske bedrifter til å vinne kontraktar i programma til ESA og EU. Romsenteret har eit stort kontraktnett og kan gje råd om kva bedrifta di bør bruke tid og pengar på og kor de ikkje bør satse.

Kven kan søkje?

Norske bedrifter og forskingsmiljø som har, eller kan få, leveransar til internasjonal romrelatert romverksemd, både på grunnlag av Noregs medlemsskap i ESA og på grunnlag av:

  • Kontraktar i den ordinære kommersielle rommarknaden
  • Innan EUs satsing på tenesteutvikling
  • Bruksområde av stor betydning for Noreg


Utlysing av følgjemiddel skjer ein gong per år, normalt 1. november.

Noreg er full medlem av den europeiske romorganisasjonen ESA, og dette medlemskapet blir forvalta av Norsk Romsenter. Noreg investerer mykje i ESA og i EU sine romprogram Copernicus og Galileo. Følgjemidla skal bidra til å betre moglegheita for "spin off" for den internasjonale investeringa.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til Norsk Romsenter er å hjelpe norske bedrifter til å vinne kontraktar i programma til ESA og EU. Romsenteret har eit stort kontraktnett og kan gi råd om kva di bedrift bør bruke tid og pengar på og kor de ikkje bør satse.

Norsk Romsenter om følgemidler

Åpne kontaktskjema