Ordninga skal dekke delar av kostnadene for verksemder som har dekt innreisekarantene for utanlandske arbeids- eller oppdragstakarar.

Søknadsfristen for kompensasjonsordninga for utgifter til innreisekarantene var 31.10.2021.

Dersom du har sendt inn ein søknad og oppdagar at søknaden har feil eller manglar informasjon, kan du sende inn ein ny søknad.

Du kan lese meir om endringar på innreisekarantene.brreg.no

 

Start teneste

Om denne tenesta

Føretak som har hatt utgifter til innreisekarantene for utanlandske arbeids- eller oppdragstakarar, kan søka om tilskot til delvis dekning av slike merkostnader. Ordninga dekker eit fast beløp per arbeids- eller oppdragstakar per dag i innreisekarantene.

Alle næringar som oppfyller vilkåra kan søke.

Ordninga gjeld ikkje dei som brukar karantenehotell, berre når arbeidsgivar sjølv sørger for eigna tilhaldsstad. 

  • Dagleg leiar
  • Styreleiar
  • Innehavar
  • Forretningsførar
  • Norsk representant
  • Kontaktperson i NUF
  • Styrande reiar
  • Deltakarar (berre fødselsnummer)
  • Komplementar (berre fødselsnummer)

Delegere tilgang til utfylling

Dagleg leier, innehavar eller styreleiar i føretaket det blir søkt for kan delegera retten til  å fylla ut skjemaet til andre. 

Har du spørsmål om korleis du gir rettar kan du kontakte Altinn på telefonnummer 75 00 60 00. Opningstidene er 8.00-15.30 på kvardagar.

Er revisoren eller rekneskapsføraren registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, har dei tilgang til å fylla ut skjemaet.

Den enkelte medarbeidaren i revisor- og rekneskapsførarføretaka har tilgang til å fylla ut om dei har ein av altinn-rollene:

  • Rekneskapsfører med signeringsrett
  • Rekneskapsfører utan signeringsrett
  • Rekneskapsfører lønn
  • Ansvarleg revisor
  • Revisormedarbeider

Delegere tilgang til utfylling

Om føretaket har gjort avtale med ein revisor eller rekneskapsførar som ikkje er registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, må dagleg leiar, innehavar eller leiaren for styret i føretaket det søkast for gi den aktuelle revisoren/rekneskapsførar retten til å fylla ut skjemaet.

Har du spørsmål om korleis du gir rettar kan du kontakte Altinn på telefonnummer 75 00 60 00. Opningstidene er 8.00-15.30 på kvardagar.

Søknaden om tilskot må signerast av ein person med nøkkelrolle i føretaket

Desse er:

  • Dagleg leiar
  • Styreleiar
  • Innehavar
  • Norsk representant
  • Kontaktperson i NUF
  • Styrande reiar
  • Deltakarar (berre fødselsnummer)
  • Komplementar (berre fødselsnummer)

Søknaden må stadfestast av ein autorisert rekneskapsførar eller ein revisor

I utgangspunktet kan dei med følgjande roller signera:

  • Dagleg leiar
  • Styrets leiar
  • Innehaver
  • Deltaker (berre fødselsnummer)

Er revisoren eller rekneskapsføraren registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, kan i tillegg medarbeidarar med følgjande altinn-roller signera:

  • Ansvarleg revisor
  • Rekneskapsførar med signeringsrett

Dersom revisoren eller rekneskapsføraren ikkje er registrert som føretaket sin revisor/rekneskapsførar i Einingsregisteret, så er det i utgangspunktet berre rollene dagleg leiar, leiaren for styret, innehavar eller deltakar hos revisor/rekneskapsførar som kan signera. Skal andre enn dagleg leiar, leiaren for styret, innehavar eller deltakar hos revisor/rekneskapsførar signera, må dei få delegert rolla «Parallell signering»

Altinn-rolle

Skal du signere på vegner av eit føretak, må du ha Altinn-rolla Parallell signering.

Du kan sjå kva for roller du har for ein aktør på sida Profil, Skjema og tenester du har rett til.

Har du spørsmål om korleis du gir rettar kan du kontakte Altinn på telefonnummer 75 00 60 00. Opningstidene er 8.00-15.30 på kvardagar.

Sikkerheitsnivå

Tenesta krev innlogging med ID-porten (sikkerhetsnivå 3 eller høyere).

Treng du hjelp?

Kontakt brukarrettleiinga ved Brønnøysundregistera Tlf 75 00 75 05

Åpne kontaktskjema