Løyve til handel med pyroteknisk vare og distribusjon av eksplosiv

Løyve til handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri kategori 2, 3 og 4 er det den aktuelle kommunen som tildeler.

Løyve til distribusjon av eksplosiv er det Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap som tildeler via tenesta Søknad og meldingar i samband med handsaming av eksplosive varer.

Om denne tenesta

Søknad om handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse 2, 3 og 4, skal sendast til den aktuelle kommunen.

Søknad om handel med eksplosiver skal leverast elektronisk via Altinn.no eller sendast til Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap.

Ved løyve til handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse 2, 3 og 4:
Skildring av handelslokalet. Sjå nærmare informasjon frå kommunen om kva dei krev.

Ved løyve til handel med eksplosiver:
Politiattest på særskilt utpeikt kompetent person. Attesten skal ikkje vere eldre enn 3 månader.

Kriterium/vilkår:

Det er krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.

Følgjande krav blir stilt for løyve til handel med pyroteknisk vare, medrekna fyrverkeri klasse 2, 3 og 4:

Søkjar som vil ha løyve til handel med pyroteknisk vare klasse 2 og 3, må drive handelsverksemd med fast utsalsstad og kunne leggje fram firmaattest frå Føretaksregisteret.

Verksemda skal ha tilsett ein særskild utpeikt person med gyldig kompetansebevis utferda frå Norsk brannvernforeining. Særskild utpeikt person må vere minst 18 år.

Løyve til handel med fyrverkeri klasse 4, rakettar klasse 2 og 3 og pyrotekniske sceneeffektar kan berre bli gjeve til importør eller norsk produsent for direkte vidaresal til kvalifisert brukar.

Følgjande krav blir stilt for løyve til handel med eksplosiver:

Løyve til distribusjon kan berre gjevast til den som vert rekna som skikka. For å få løyve til å distribuere eksplosiv, må verksemda ha ein eller fleire bestemte faste utleveringsstadar, der det samstundes ligg føre eit løyve til oppbevaring av eksplosiv.

Søkjar må dokumentere tilfredsstillande kunnskap om dei eksplosive varene som skal seljast. Søkjar skal ha tilstrekkelege kvalifikasjonar for å oppfylle kravet til sikker handtering.

Det skal peikast ut ein kompetent person som skal sjå til at handteringa går føre seg teknisk riktig og på lovleg måte.

Utpeikt person må vere over 18 år, ha god vandel og kunne leggje fram tilfredsstillande politiattest som ikkje skal vere eldre enn tre månader.

Merknader:

For nyttårsfyrverkeri klasse 2 og 3 er søknadsfristen 1. mai. For andre eksplosiver er det inga søknadsfrist.

Kommunane kan ta gebyr for behandling av søknad om handel med fyrverkeri.
Løyve til handel med pyroteknisk vare klasse 2 og 3, fritt til forbrukar, kan berre skje i perioden 27. - 31. desember.

Kva kommune skal du søke i?

Kontaktinformasjon

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Postboks 2014,
3103 Tønsberg

E-post: postmottak@dsb.no
Telefon: 33 41 25 00

Besøksadresse: Rambergveien 9, 3115 Tønsberg

Åpne kontaktskjema