Om denne tenesta

 Skjemaet skal brukast av verksemder som omset eller på annan måte gjer tilgjengeleg utgangsstoff for eksplosiv som er førte opp i § 2 i forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosiv første ledd første kolonne, eller som inneheld meir enn 16 vektprosent nitrogen frå ammoniumnitrat. Meldinga må gjerast før kjøp og oppstart av omsetning, og skal gi ei komplett oversikt over utgangsstoffa for eksplosiv som verksemda til ei kvar tid omset eller på annan måte gjer tilgjengeleg. Dersom omsetninga av utgangsstoff for eksplosiv endrar seg, skal det meldast inn endring eller avvikling.

Verksemder som omset eller på annan måte gjer tilgjengeleg utgangsstoff for eksplosiv som er førte opp i § 2 i forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosiv første ledd første kolonne, eller som inneheld meir enn 16 vektprosent nitrogen frå ammoniumnitrat.
IngressNynorsk: Forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosiv stiller krav til at omsetning av gitte utgangsstoff for eksplosiv skal meldast til DSB.

Forskrift om handtering av utgangsstoff for eksplosiv stiller i §8 krav til innmelding av visse utgangsstoff for eksplosiv. Formålet med innmeldinga er å ha oversikt over handteringa av desse utgangsstoffa i Noreg.

Spørsmål om skjemaet?

Kontakt Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) dersom du har spørsmål til utfylling av skjemaet:

Telefon faglig brukerstotte: +47 33 41 25 00
Epost faglig brukerstotte: postmottak@dsb.no

Åpne kontaktskjema