Jordbruksføretak med stor avlingssvikt kan søke om erstatning her. Erstatning kan og bli gitt for tap grunna offentlege pålegg og restriksjonar.

Start teneste

Om denne tenesta

Søknadsfristane er:

- Erstatning etter avlingssvikt i plante- og honningproduksjon: 31. oktober

- Erstatning etter offentlege pålegg og restriksjonar, medrekna radioaktivitet: 6 månader etter at pålagde eller frivillige tiltak er gjennomført

Krav til kven som kan søkje er ulikt for dei ulike erstatningsordningane. Føretak som fyller krava i forskrift om produksjonstilskot i jordbruket og forskrift om tilskot til avløysing, kan søkje om erstatning under alle delordningane. Privatpersonar og føretak utan tilknyting til landbrukseining kan søkje om erstatning på nokre av ordningane. Nærmare avgjerder om kven som kan søkje og vilkår for erstatning er skildra i dei aktuelle forskriftene (sjå lekkjer i siste avsnitt på denne sida).

For å fylle ut dette skjemaet må du representere et landbruksforetak i Altinn.

For å ha tilgang til tenesten må du ha rollen «Primærnæring og næringsmidler» eller enkeltrettighet til tenesten.

Manglar du desse rollene, må du få nokon til å gi dei til deg.  Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Dersom du ikkje har riktig rolle eller enkeltrett, må du få nokon som har delegeringsrett til å delegere denne til deg.

Dokumentasjon kan leggjast ved elektronisk eller sendast til kommunen på papir. Krav til dokumentasjon går fram av dei ulike forskriftene. Ved elektronisk utfylling vil søkjar få nærmare informasjon om vedlegg og dokumentasjon som blir forventa for den einskilde søknadstypen.

Opplysningane blir brukt til å betale ut erstatning etter klimabunde avlingssvikt i plante- og husdyrproduksjon, erstatning etter offentlege pålegg og restriksjonar.

Forskrift om erstatning ved klimabundne skader i plante- og honningproduksjon

Forskrift om erstatning etter offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon

Det er felles søknadsportal for erstatningsordningane i landbruket. Tenesta dekkjer følgjande ordningar:

Forskrift om erstatning ved klimabundne skader i plante- og honningproduksjon

- Svikt i honningproduksjon (SLF-261)

- Avlingssvikt frukt og bær (SLF-277)

- Avlingssvikt grønsaker (SLF-273)

- Avlingssvikt korn (SLF-272)

- Avlingssvikt poteter (SLF-271)

- Avlingssvikt grovfor på bruk med husdyr (SLF-274)

- Avlingssvikt grovfor på bruk uten husdyr (SLF-275)

Forskrift om erstatning etter offentlege pålegg og restriksjonar i plante- og husdyrproduksjon

- Offentlege pålegg i planteproduksjon (SLF-278)

- Pålagd nedslakting (SLF-278)

- Pålagd opphaldsperiode (SLF-278)

- Frivillig nedslakting (SLF-278)

- Flytterestriksjonar bier (SLF-278)

- Tap ved radioaktivitet (SLF-279)

Både føretak og privatpersonar kan søkje elektronisk eller levere søknad på papir til kommunen. Kommunen behandlar og gir tilråding i saka. Fylkesmannen fattar vedtak og avgjer søknaden.

Søknadsskjema til innlevering på papir ligg på Statens landbruksforvaltning sine heimesider, eller ein kan få det ved å vende seg til kommunen.

Opplysningane som blir gitt i denne tenesta kan i medhald av lom om Oppgaveregisteret §§ 5 og 6 heilt eller delvis bli nytta også av andre offentlege organ som heimel til å innhente dei same opplysningane.

Trenger du hjelp?

Spørsmål om erstatningsordningene i landbruket rettes til din kommune.

Åpne kontaktskjema