Løyve til å tilverke, utføre reparasjon, deaktivering av skytevåpen/våpendelar og tilverking av ammunisjon (børsemakarløyve).

Alle som skal tilverke våpen, våpendelar og ammunisjon, og utføre reparasjonar og deaktiveringar må søkje stadleg politidistrikt om løyve.

Om denne tenesta

Søknad med vedlegg skal sendast til stadleg politidistrikt.

I tilfelle som nemnt i våpenforskrifta § 44 annet ledd, skal politiet vidaresende søknaden til kompetent myndigheit.

Dokumentasjon av dei faglege kvalifikasjonane som den ansvarlege leiaren eller andre i bedrifta har, jf. våpenforskrifta § 45 første ledd bokstav c.

Søknaden skal opplyse om:

Fullt namn og adresse på bedrifta.
Fullt namn og adresse på ansvarleg leiar i bedrifta.
Kva ein søker løyve til å tilverke eller reparere.
Bedriftas innretning og utstyr, under dette kva for tiltak som vil bli treft for å sikre verksemda mot tjuveri, brann, eksplosjon og andre ulukker.

Kriterium/vilkår:

Det blir stilt krav til registrering i Føretaksregisteret før løyve blir gjeve.

Det blir stilt krav om at søkjar skal vere registrert i Meirverdiavgiftsregisteret innan tre månader.

Det blir stilt krav til at søkjar:

Har fylt 18 år, men minst 21 år ved tilverking for sal eller ervervsmessig reparasjon av pistol og revolver.

Har tilfredsstillande vandel og er edrueleg og påliteleg, og ikkje av særlege grunnar blir vurdert uskikka til slik tilverking.

Tilfredsstiller dei faglege kvalifikasjonar på nivå med norsk børsemakarutdanning, til dømes norsk sveinebrev som børsemakar.

Sørgjer for at verksemda si  innretning og utstyr tilfredsstiller dei krav som blir stilt i opplæringslova § 31, dersom verksemda har tatt på seg slik opplæring.

Sørgjer for at verksemda sine lokalitetar oppfyller dei krav Politidirektoratet stiller til innretningar og utstyr.

Sørgjer for at verksemda sine lokalitetar oppfyller dei krav politimeisteren stiller til forsvarleg oppbevaring og andre tiltak mot tjuveri m.m.

Merknader:

Løyve er ikkje naudsynt for børsemakar med meisterbrev. Vedkommande skal likevel tilfredsstille krava i våpenforskrifta § 45 første ledd bokstavane a, b, d, e, f og g.

Åpne kontaktskjema