Skjema skal nyttast for innmelding og utmelding, og endring av kontaktinformasjon i Skatteetaten oppgåvegjevarregister for tredjepartsopplysningar.

Start teneste

Om denne tenesta

Ved behov.

For å korrigera opplysningar sendt inn til oppgåvegjevarregisteret må nytt skjema med korrekt informasjon sendast inn.

Skatteetatens system nyttar organisasjonsnummer som identifiseringsnøkkel. Det betyr at nytt skjema må visa til rett organisasjonsnummer. Ein kan endra opplysningar fleire gongar om naudsynt.

Alle verksemder som leverer tredjepartsopplysningar/grunnlagsdata kan nytte skjema. Du vel kva slags oppgåvetype det skal endrast kontaktopplysningar for i skjema.

Merk at skjema ikkje kan nyttast for innmelding av ordningane "gåver til organisasjonar" og "tilskot til vitskapelig forsking/yrkesopplæring".

For å fylle ut dette skjemaet treng du Altinn-rolla Rekneskapsmedarbeidar, Revisormedarbeidar eller Rekneskapsførar utan signeringsrett.

Signering krev rolla Avgrensa signeringsrettighet, Utfyller/Innsendar eller Rekneskapsførar med signeringsrett.

Om selskapet er revisorpliktig er det krav om rolla  Ansvarleg revisor.

Om du ikkje har desse rollene, må du få nokon som har rollene til å delegere dei til deg. Sjå hjelpesidene våre for rettleiing

Tenesta krev innlogging med tryggleiksnivå 2 eller høgare.

For å lesa meir om dei respektive grunnlagsdataområda som er omfatta av ordninga, sjå www.skatteetaten.no/tredjepartsopplysninger

Treng du hjelp?

Skatteetaten svarar på spørsmål knytte til utfylling av skjema.

E-post: grunnlagsdata@skatteetaten.no
Telefon: 800 80 000 (tastevalg 2-3-3)

Åpne kontaktskjema