Føretak som er valde ut til å svare på undersøkinga, skal i hovudsak gi opplysningar om omsetning, kostnader og investeringar fordelte på den enkelte verksemda. Opplysningane blir nytta til å lage statistikk som belyser den økonomiske aktiviteten i ulike næringar.

Merk: I spørsmålet om typar næringsverksemd (sida Næringsverksemd) er det avgjerande at ein merkar av for den typen eller dei typane næringsverksemder som på best mogeleg måte beskriv aktiviteten til føretaket. Dette gjeld også for typen næringsverksemd som er nemnd i den fyrste linja i spørsmålet, gitt at dette er noko som føretaket dreiv med i 2022.

Til innboksen

Om denne tenesta

Årleg.

Svarfrist er oppgitt til høgre for skjematittelen i innboksen.

Berre føretak som er trekte ut til å vere med i undersøkinga, skal levere skjemaet.

For å fylle ut og sende inn dette skjemaet, treng du tilgang til denne spesifikke skjematenesta i form av ein enkeltrett, eller du må ha ei av desse rollene i  Altinn: Utfyllar/innsendar, Ansvarleg revisor, Rekneskapsførar med signeringsrett, Rekneskapsførar utan signeringsrett, Rekneskapsmedarbeidar eller Kontaktperson for NUF.

Sjå hjelpesidene våre for rettleiing om roller og rettar.

Tenesta krev innlogging på sikkerheitsnivå 2 eller høgare.

Skjemaet ligg i føretaket sin innboks.

Når skjemaet er sendt inn, vil de få eit referansenummer som kvittering på at opplysningane er sende. Alle innsendte skjema ligg i «Arkiv».

Feilinnsending
Er skjemaet sendt inn med feil eller mangelfulle opplysningar, kan det sendast inn på nytt ved å finne skjema i «Arkiv» og trykke på «Lag ny kopi».

Spørsmål om skjemaet?

Meir informasjon finn du her

Tilgjengelegheitserklæring

Åpne kontaktskjema