Rettar når ein har sjuke barn

Arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande har ei rekke rettar i samband med omsorg for sjuke eller pleietrengande barn.


Omsorgspengar/sjukt barn-dagar

Omsorgsdagar blir ofte kalla for sjukt barn-dagar. Alle som har omsorg for barn under 12 år har rett til omsorgsdagar. Omsorgsdagar blir brukt av arbeidstakar, sjølvstendig næringsdrivande eller frilansarar som må vere borte frå arbeid når barnet for eksempel er forkjøla.

NAV om omsorgsdagar

Antall omsorgsdagar

Kor mange omsorgsdagar ein arbeidstakar har krav på avheng av samlivssituasjonen og antal barn. Arbeidstakar kan søke om ekstra dagar dersom han eller ho har barn som er kronisk sjuk eller funksjonshemma. Arbeidstakaren kan også søke om ekstra omsorgsdagar dersom den andre forelderen ikkje kan ha tilsyn med barnet på grunn av for eksempel sjukdom, fengselsopphald eller verneplikt.

Arbeidstakarar som har eitt eller to barn som er 12 år eller yngre, har 10 omsorgsdagar i 2024. Arbeidstakarar som har omsorgen for meir enn to barn som er 12 år eller yngre har 15 omsorgsdagar i 2024. For arbeidstakarar som er åleine om omsorgen blir antal stønadsdagar dobla.

Er du sjølvstendig næringsdrivande eller frilansar har du rett på tilsvarande antal dagar som tilsette, fråtrekt ein venteperiode på 10 dagar.

Arbeidsgivar skal berre betale dei ti første dagane med omsorgspengar for kalenderåret 2024. Arbeidsgivar forskotterer også resten av dagane med omsorgspengar, men kan krevje refusjon frå NAV frå ellevte dag.

Uttak av omsorgsdagar

Når arbeidstakar skal ta ut omsorgsdagar blir dette meld til deg som arbeidsgivar. Det er opp til deg som arbeidsgivar om arbeidstakar skal kunne ta ut enkelttimar eller halve dagar.

For at arbeidstakar skal få rett til omsorgspengar frå NAV må han eller ho dokumentere barnet eller barnepassaren sin sjukdom med eigenmelding dei tre første stønadsdagane og deretter med legeerklæring. Legeerklæring kan skrivast ut utan personleg frammøte dersom legen vurderer dette som fagleg forsvarleg.

NAV om omsorgspengar

NAV - slik tek du ut omsorgsdagar når du er arbeidstakar

Arbeidsmiljølova om barn og barnepassers sjukdom

Overføring av omsorgsdagar mellom foreldra

I visse tilfelle kan omsorgsdagar overførast mellom foreldra/til ektefellen/sambuaren.

NAV om overføring av omsorgsdagar

Pleiepengar, hjelpestønad, omsorgsstønad og grunnstønad

Viss arbeidstakar har barn som er innlagde eller har vore til behandling/utgreiing i sjukehus eller anna spesialisthelseteneste, kan det gi rett til pleiepengar.

Viss pleiebehovet er grunn til å tru å vara meir enn to år, kan barnet ha rett til hjelpestønad frå NAV.

Barnet kan ha rett til grunnstønad viss det oppstår nødvendige ekstrautgifter som friske personar ikkje har.

Det kan også vera aktuelt med omsorgsstønad eller anna hjelp.
Pleiepengar, hjelpestønad, omsorgsstønad og grunnstønad blir dekt av og blir utbetalt av NAV.

NAV om pleiepengar, omsorgsstønad og hjelpestønad

Folketrygdlova om stønad ved barns og sjukdommen til andre nærståande

Åpne kontaktskjema