Sletting av ei foreining

Dersom det ikkje lenger er aktivitet i foreininga skal ho slettast. Dersom foreininga berre "ebbar ut", utan formell avvikling, kan det dukke opp ukjente gjeldspostar og forpliktingar. Ved ei ryddig avvikling vil det alltid vere nokon som har eit formelt ansvar til siste slutt.


Vedtektene til ei foreining inneheld normalt reglar om korleis oppløysing og sletting skal gjennomførast. Det er framgangsmåten som står i vedtektene som skal følgast.

For foreiningar som manglar reglar i vedtektene om sletting, kan ein følgje desse punkta:

Årsmøte

Oppløysing/sletting av foreininga skal behandlast på ordinært årsmøte. Eit slikt vedtak blir normalt fatta med 2/3 fleirtal.

Meld sletting til Brønnøysundregistera

Sletting av foreininga melder du i Samordna registermelding. Du må legge ved referatet frå årsmøtet som viser vedtaket om oppløysing.

Brønnøysundregistera om sletting av foreining

Samordna registermelding (Variantar for nedlasting)

For å sikre ei ryddig avvikling av foreininga vil det i tillegg vere fornuftig å gjere følgjande:

  • Blir oppløysinga vedtatt med minst 2/3 fleirtal i det ordinære årsmøtet bør det i tillegg kallast inn til ekstraordinært årsmøte tre månader seinare, der ein vedtar sletting.
  • Perioden mellom dei to årsmøta blir kalla for avviklingsperioden. I avviklingsperioden bør det utarbeidast ei oversikt over eigedelane og forpliktingane til foreininga. Eventuelle forpliktingar må gjerast opp. I den grad det er nødvendig for å gjere opp forpliktingar, må eigedelar gjerast om i pengar.
  • Det er årsmøtet som skal stå for avviklinga, men av praktiske omsyn blir denne jobben normalt delegert til eit avviklingsstyre. Avviklingstyret kan vere det eksisterande styret eller det kan veljast eit nytt.
  • Er det ennå registrert tilsette i avviklingsperioden, må du sørge for at alle arbeidsforhold er registrerte med ein sluttdato. Dette gjer de i a-meldinga.
  • Eventuelle verdiar som står att etter at forpliktingane er gjorde opp skal disponerast i samsvar med vedtektene, eventuelt til eit anna liknande formål som den avviklande foreininga har.
  • For å oppløyse foreininga, må det ekstraordinære årsmøtet gjenta vedtaket om oppløysing med 2/3 fleirtal av dei gitte stemmene. Den endelege avviklingsrekneskapen som viser korleis det økonomiske oppgjeret har blitt gjennomført, og korleis verdiar som står igjen har blitt disponerte, bør leggjast fram for det ekstraordinære årsmøtet.
  • For foreiningar som er bokføringspliktige vil det vere krav om å oppbevare rekneskapsmateriale i 5 år, jf. bokføringslova. Dette gjeld også etter sletting av foreininga.

Kva kostar det?

Det er gratis å melde frå om sletting av ei foreining.

Åpne kontaktskjema