Konkurs i aksjeselskap

Klarar ikkje aksjeselskapet lenger å innfri dei økonomiske forpliktingane sine, då må styret vurdere om det ligg føre konkurs. Konkursen melder ein til tingretten der aksjeverksemda er registrert. Formålet med konkursbehandlinga er å få oversikt over og å realisere eventuelle eigedeler slik at krava mot verksemda i størst mogleg grad kan gjerast opp.


For at eit aksjeselskap skal reknast for å vere konkurs må aksjeselskapet vere insolvent. Det betyr at aksjeselskapet ikkje er i stand til å gjere opp dei økonomiske forpliktingane sine ved forfall, og at det heller ikkje er eigedelar i verksemda til å dekkje gjelda.

Ved insolvens må verksemda vere varig ute av stand til å gjere opp forpliktingane sine. Tingretten opnar konkurs etter krav frå verksemda sjølv, eller frå ein kreditor. 

Om konkurs i aksjeselskap

Konkursloven

Konkursloven om vilkår for konkurs

Krav om konkurs frå verksemda sjølv

  • Det er styret som har ansvaret for økonomien i aksjeselskapet. Styret skal heile tiden sjå til at aksjeselskapet har ein forsvarleg eigenkapital og likviditet jamført med omfanget av og risikoen ved drifta. Kjem styret til at eigenkapitalen ikkje lenger er forsvarleg, så er det styret sitt ansvar å vurdere om det er grunnlag for framleis drift. Blir resultatet av denne vurderinga at verksemda er insolvent, er det styret sitt ansvar å melde oppbod til den lokale tingretten(i Oslo skal det rettast til Oslo byfogdembete).

    Styremedlemmers erstatningsansvar

Domstoloversikt

Aksjeloven om begjæring om gjelds- og konkursbehandling

  • Når eit aksjeselskap sjølv melder frå til tingretten vert det kalla å melde oppbod. I tillegg til meldinga om oppbud skal det også oversendast enkelte vedlegg. (firmaattest, liste over kreditorar og stilte sikkerheiter, liste over eigedelar, styremøteprotokoll og siste rekneskap.) Eit aksjeselskap som sjølv melder oppbod, er friteke for å stille sikkerheit og ansvar for kostnader ved konkursbehandlinga.

Oppbudsbegjæring for aksjeselskap

Konkursbehandlinga

  • Tingretten behandlar meldinga om oppbod, og vurderer om verksemda er insolvent eller ikkje. Dersom verksemda er insolvent, opnar tingretten konkurs og oppnemner ein bustyrar. Bustyraren er normalt ein advokat, og er den som skal gjennomføre konkursbehandlinga.
  • Konkursen inneber at alle eigedelane til verksemda blir beslaglagde til fordel for kreditorane. Når tingretten har opna konkurs, mistar alle som opptrer på vegner av verksemda umiddelbart råderetten over eigedelane. Det betyr at ein ikkje lenger kan disponere over desse. Disposisjonsretten vert overført til konkursbuet ved bustyraren.

  • Med eigedelar meiner ein alle verdiane som tilhøyrer aksjeselskapet, medrekna blant anna kontantar, konti i bank, fast eigedom, bilar, driftstilbehøyr, uteståande fordringar, inventar, registrerte varemerke og patentrettar. 

  • I samband med konkursbehandlinga kan bustyraren i enkelte tilfelle velje å drive verksemda vidare, eller at heile eller delar av verksemda vert seld til ny eigar. 

  • Styret og dagleg leiar i aksjeselskapet pliktar å hjelpe buet vederlagsfritt. Styret og dagleg leiar pliktar å gje tingretten og bustyraren alle opplysningar om dei økonomiske forholda sine, og om forretningsførselen sin før og under konkursen. Skuldnaren pliktar også å hjelpe til med å skaffe fram blant anna rekneskapsbilag og andre dokument av betydning for bubehandlinga, og elles yte nødvendig bistand.

  • Rekneskapsføraren og revisoren til verksemda er pliktige til å utlevere skuldnaren sitt rekneskapsmateriell og opplyse buet om skuldnaren sin rekneskaps- og forretningsførsel. Plikta gjeld sjølv om honorar for det utførte arbeidet ikkje er betalt, og uavhengig av eventuell teieplikt.

  • Etter at bustyrar har teke ei fullstendig gjennomgang av skuldnaren si økonomiske stilling, vert bubehandlinga avslutta. Bubehandlinga blir innstilt av tingretten dersom det ikkje er middel til å fortsetje bubehandlinga. Dersom det er middel i buet, vert bubehandling avslutta ved at midla i buet blir delte ut til kreditorane slik at desse får forholdsmessig dekning. 

Etter konkursbehandlinga

  • Aksjonærane i føretaket har i utgangspunktet ikkje ansvar for gjelda til aksjeselskapet. Ansvaret deira er avgrensa til den aksjekapitalen dei har teikna seg for. Likevel kan det oppstå erstatningsansvar for styremedlemar, eigarar og andre som følgje av disposisjonar dei har gjort i samband med styringa av verksemda. Det kan også liggje føre garantiansvar overfor enkelte av kreditorane, for eksempel ved at styremedlemar og/eller aksjonærar personleg har kausjonert for gjelda til verksemda.

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema