Dokumentasjon av balansen (avstemmingar)

Før du avsluttar rekneskapsåret må du sørgje for å avstemme alle rekneskapskontoar av betydning i balansen. Du skal kunne dokumentere kva som ligg bak kva enkelt saldo i balansekontoane. Dette er med på å sikre at dei opplysningane som vert gjevne i rekneskapen er korrekte.


Eksempel på avstemmingar:

  • Saldoen på rekneskapskontoen for bank må stemme med saldoen som kjem fram på kontoutskrifta frå banken
  • Saldoen på rekneskapskontoen for skuldig arbeidsgjevaravgift skal stemme med det du faktisk er skuldig i følgje innsende a-meldingar
  • Saldoen på rekneskapskontoen for skuldig meirverdiavgift, skal stemme med ubetalt meirverdiavgift for siste termin
  • Rekneskapskontoen for kasse skal stemme med det faktiske beløpet i kassa
  • Rekneskapskontoen for varelageret skal stemme med dei varene som faktisk er på lager. Dette vert dokumentert med lister frå vareteljing

Oppbevaring av dokumentasjonen

Vareteljingslister og alt som er med på å dokumentere balansepostane dine er ein del av rekneskapsmaterialet. Dette må du oppbevare i 5 år. 

NBS 5 - dokumentasjon av balansen

Bokføringsloven om dokumentasjon av balansen

Bokføringsforskriften om dokumentasjon av balansen

 

Fant du det du leitte etter?

Takk for tilbakemeldinga.

Åpne kontaktskjema