Regnskap

Må eg ha revisor?

Alle som er pliktige til å revidere årsrekneskapen må ha ein revisor. Om du har revisjonsplikt er blant anna avhengig av kva for organisasjonsform du har og storleiken på verksemda.

Må eg ha rekneskapsførar?

Det er inga lov som seier at du må bruke ein rekneskapsførar til å føre rekneskapen din. Det er du som er ansvarleg for at rekneskapen til føretaket ditt blir ført korrekt. Har du kunnskap, tid og interesse for det, er det absolutt mogleg å gjere det sjølv.

Purring og inkasso

Dersom kundane ikkje betalar, tapar du fort pengar. Jo lengre tid det går etter forfall, jo vanskelegare kan det bli å drive inn pengane. Har ein kunde betalingsproblem ventar dei ofte med å betale. Det er derfor viktig å følgje opp kundefordringane heile tida.

Treng du hjelp?

Bedriftsrettleiarane våre sit klare for å svare på spørsmål om å starte og drive bedrift i Noreg. Tenesta er gratis.

Telefonnummer til Altinn brukarservice 800 33 840 Skriv til oss
Åpne kontaktskjema